Metal Lyrica - The Largest Metal Lyrics Archive
 www.metallyrica.com
# A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z
Search lyrics by band name or use our Advanced Search engine: 
Advanced Search 


ELVARHøI LYRICS

Fjellet Faller Aldri

"Fjellet Faller Aldri" (2006 EP)

1. Eg rodde meg ut...
2. Drikkevise
3. Trú
4. Skogens Vandrar
5. Daudeskaar
6. Venelite
7. Lykkejegaren







1. Eg rodde meg ut...

Eg rodde meg ut på seiegrunna
det var ein morgon så tidleg.
Då kom han Olav frå Kåremunnen,
og lagde båten for ile.
Så eg dro til han med fiskestongi,
så han for uviten bak i rongi.
Eg vart so glad, eg tok til og kvad,
eg rådde grunnen åleine.




2. Drikkevise

Det kom ein bondemann ridande til by’n
det var trudd at han skulle på fylla
for han fant fram ein pung med ein masse masse gryn
slang på disken, han skulle på fylla.

Hovmester’n hilse, han kjente ham igjen
og han så at han skulle på fylla
for hans sorg gikk djupar’enn hos alle andre menn
så nå skulle han fara på fylla.

Borte ved disken fortalt’han om sitt liv
og han drakk for han var jo på fylla
om gard og rikdom og sin høyt elskade viv
og så tømte’han sitt ølglass på fylla.

Etter det femte ble ølet altfor svakt
så han la ut for god vin på fylla
og flaska vart åpna og bonden heva glass
han var glad for å være på fylla.

Hei, skål!

Borte ved peisen der satt det og ein mann
som også var ute på fylla
og han gikk bort til bonden og spurt’om det gikk an
om dei samman sku’ skåle på fylla.

Dei drakk og dei lo og dei skålte og dei sang
og vin blei til brennvin på fylla
og fulle dei blei, meir enn nokon annan gang
To glade karar på fylla.

Mannen bestemte seg for at det var nok,
så bonden vart einsam på fylla.
Han tenkte på kona og alt dei hadde gjort
og så brast han i gråt ut på fylla.

Han hadde ei hustru, han har ho ikkje meir.
No vart enkemannen på fylla.
Han lå og gret, men no gret han ikkje meir
og ei går han meire på fylla.




3. Trú

Eld og flammar skapte verda
frå det intet det ein gong var
Mørkret drukna i vakre fargar.
No eg ser for eit land vi har

Eg føler et savn
til et land av byrgskap, ære og kjærleik
Eg føler et krav
på at dette landet er mitt i truleik
Eg kallar min heim
for der eg bur lever folk eg veit er trú
Eg vandrar til fjells
tåka sig vekk og der, kva ser eg nu? jo.

Eg ser for mine augo
over hav og over fjell
på vårt land, det vakraste rike
Og eg sver på landets heilagdom
å forsvare dette land,
for eit slikt syn er uten like.

Folk vart skapt for å bo og leva
Dyrkje og hauste i harmoni
men nokon såg denne sang og gledje
Dei såg og dei høyrte i sjalusi

Eg havar eit savn
til et land av byrgskap, ære og kjærleik
Eg føler eit krav
på at dette landet er mitt i truleik
Eg kallar min heim
for der eg bur lever folk eg veit er trú
Eg vandrar til fjells
tåka sig vekk og der, kva ser eg nu? jo.

Eg ser for mine augo
på kvinner og på menn
for vårt land skal styres av slike.
For vår trù er bygd på kjærleik
og ære for kvar mann
og kvinne i det vakraste rike




4. Skogens Vandrar

Skogens mørke og stillnad giv hint om livet si gang
eit bål giv lys i ein vandrars liv. fela spelar skogens sang

Hjelpsam er eg mot troll og mann. Råd eg giv dei som ber
så folk fikk veta om ild og vann. Råd eg gir men ikkje mer

Træras skugge og fossens brøl er der og svinner ei hen
eg vandrar vekk ut i mørket sjølv om eg ei kjem at igjen




5. Daudeskaar

Høge fjelli
såg vi då;
stolte, kalde,
staute.
Forntid er
forgangen nå,
men fjellet
faller aldri.

“Mange vandra
før i veg,
og kom ikkje
frå kulda.
Dra'kje opp
til Daudeskaar
Vil'kje av
det veta.”

Høyr du vindens
vesamheit
som på tre og
steintroll tærar.
Snjófok er
og kulda bit
på isna,
hårde andlet.

Så seglar tåka
over skaar
som vage slør
i vinden.
Høyr ula stilner,
vinden døyr.
Til slutt alt rundt
er stilt.

Så sto der ein skugge
av ein gamal kall
han svant og du var borte
eg kallar høgt ditt navn

Ingen trøst,
kun kaldt og trist.
kun stillnaden
som hersker.
Eg søkar einsam
utfor sti,
svare no
mitt skrik.

I tåka bortmed
bjørka att
sto gubben der
og galdra.
Eg falt omkull
på iset seng
så syntest
alt meg svart.




6. Venelite

Venelite rider ut fra sin faders gård
då ser ho Bergjekongen frem for seg står
Tiril-lillil- haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden

Høyr no Venelite kva eg seier deg
no skal du heim til bergjet følgja med meg
Tiril-lillil- haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden

Så rir de tri gonger bergjet omking
då bergjet seg opna og dei går nå inn
Tiril-lillil- haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden

Så steller han mjød og vin frempå sitt bord
Drikk no Venelite, gløym din far og mor
Tiril-lillil- haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden

Då Venelite tredje gong av mjødglaset tok
så gløymde hun sin faders gard og gløymde ho si tro
Tiril-lillil- haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden

I bergjet er du fanga, i bergjet skal du bo
I bergjet skal du kvile, men aldri finne ro
Tiril-lillil - haugjen min
og det leikar så lett gjennom lunden
Tiril - lillil - haugjen min
og ho kallar så sagte i vinden.




7. Lykkejegaren

Han så dei vakre utpostane
Dei stolte og majestetiske fjell
uberørt av menneskanes herjing
usett av andre enn han selv

Vil den reine lufta bli reinare?
Dei solblanke dagar bli lysare?
Stjerneblanke netter bli vakrare?
Eller ville dei døy?

Dag etter dag og natt etter natt
aleine i kulde, vind og regn
i denne dal renn det så frisk ein strøm
her skin det så sterk ein sol

Her bodde han, her bodde ulv og gaupe
Han kjende kvart tre og mosegrodd stein
Men under landskapets ytre åsyn
han kjende eit hjarte av gull

 


Search lyrics by band name or use our Advanced Search engine: 
# A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z
  www.metallyrica.com 


Contact e-mail: webmaster@metallyrica.com
Copyright (c) 2007 - Metallyrica.com - All lyrics are the property and copyright of their respective owners.
All lyrics provided for educational purposes and personal use only. Please read the disclaimer.

About Us - Submit Lyrics - Privacy Policy - Disclaimer - Links