|
HELLAND LYRICS
"Del 8-14" (2005)
1. Del 8 2. Del 9 3. Del 10 4. Del 11 5. Del 12 6. Del 13 7. Del 14 8. Til Fjells 9. Nysnø
1. Del 8
2. Del 9
3. Del 10
4. Del 11
5. Del 12
6. Del 13
7. Del 14
8. Til Fjells
Til Fjells
Til fjells, til høgd og vidd, det er mi traa,
til topp og tind, or laage lyrmne dalar;
til fjells der bekken græt og vinden svalar,
der ørnen ror i reine himelblaa
Til fjells aa berge sjæla saar og varm
or valne dagetal og dauve vende
der folka søv di livetid til ende
so kjenselaust som tre i likferdskarm
Du raude rivne sky som synest dømd
til leike fyr dei kvilelause vindar
som driv deg av i flog um alle tindar, -
du er mi sjæl, or svarte havdjup rømd
Det var den himels unge solareld
som løyste deg til denne ferdafaare, -
eg veit din lagnad: Du vert tyngd av taare
og fell til jords din siste leitingskveld
Men upp til fjells, so høgt som sky kann naa;
min fred er alen av den store stunding
rundt heile heimsens hovudlause runding,
og døypt i stir mot evigt himelblaa
Olav Nygard
9. Nysnø
Nysnø
Sumaren berre eit minne,
hausten so utlevd og graa,
skogane svarte og skrinne,
ingen stad hugnad aa sjaa
Sumaren var seg ein galning
livde paa rus og paa raam;
sol-ør han leita seg svaling
hjaa hausten, og miste sin daam
Gaade det aalvor som vakna,
men synda og gløymde seg av
Hausten saag livet som rakna,
og grov so for bror sin ei grav
Sjølv steig han var att i fare
etter sin avlidne bror,
grunda i nætine kvare
til dess han folna og for
Men sjaa no idag kor det snøar,
sjaa kor det leikar og fell
kvitt yver vollar og bøar
skirfin og vettersleg mjell
Vettern kjærer seg lite
um kjæling paa kvardeleg gjerd;
karsleg han kastar den kvite
kaapa si lett yvi herd
Vetter du sterke og harde
svæv meg hjaa blomane inn,
lat meg faa kvila i kvare
til vaargroren vaknar og vinn
Olav Nygard
|
|